KAMPEN HELD FRAM: Ministrane nytta mange metaforar frå sportsverda då dei presenterte sine nye tiltak. Foto: Lars Olve Hesjedal

Dette er dei nye korona-tiltaka

Frå regjeringa sin pressekonferanse klokka 16.00.

Hordaland fylgjer pressekonferansen direkte, og oppdaterer fortløpande.

Statsminister Erna Solberg (H):

¤ - Det vert sju endringar no, innleia ho.

Og dei er:

¤ Frå 20. april opnar barnehagane.

¤ 27. april: Skular opnar for 1. - 4. klasse. SFO opnar òg.

¤ VG2 og VG3 yrkesfag opnar 27. april. Dette er elevar som er avhengige av utstyr som er på skulen.

¤ 27. april opnar universitet og høgskular for studentar i slutten av gradsstudiar, og som må ha utstyr som er på lærestaden.

¤ 1-1-verksemder i helsevesenet, som fysioterapeutar og psykologar, opnar frå 20. april.

¤ Verksemder som frisørar, massasje og hudpleie opnar frå 27. april.

Artikkelen held fram under annonsen.

¤ Frå 20. april kan du igjen få overnatta på hytta di.

¤ Men framleis vert det oppmoda til å avgrensa fritidsreiser til det mest nødvendige.

¤ - Dette er endringane no. Meir vert ikkje endra, seier Erna Solberg.

¤ - Me opnar litt opp, men men må ikkje verta meir uforsiktige.

¤ - Hald fram med å halda avstand, og hald fram med å gjera dei store og små tiltaka som er gjort til no. Dette gjeld både privatpersonar og verksemder.

¤ - Det skal lagast bransje-standardar som verksemdene skal få tid til å setja seg inn i før dei opnar.

¤ - Alle som kan jobba på heimekontor, skal halda fram med det.

¤ - Skippertak nyttar ikkje. Me har berre spelt fyrste omgangen av fotballkampen, men lagspelet har vore godt og me har fått kontroll på motstandaren.

Helseminister Bent Høie (H):

¤ - Me har slite oss opp ei lang og tøff fjellside. Men vegen ned frå toppen er òg krevjande.

Artikkelen held fram under annonsen.

¤ - Sjukehusa skal tilbake til normal aktivitet.

¤ - Det er viktig med nasjonale, og ikkje kommunale, reglar. Kva viss det er forskjellige reglar i kommunen du bur i, og kommunen der du jobbar?

¤ - Me skal gjera endringar, men dei vil ta tid, og me skal gjera dei på ein gradvis og kontrollert måte.

¤ - Me har fått kontroll over smittespreiinga, og den skal me halda på.

Kunnskapsminister Guri Melby (V):

¤ – Det er eit mål at alle elevane skal tilbake på skulen før sommaren. Men skuledagen vert kanskje ikkje som før 12. mars.

¤ – Små, faste grupper i skular og barnehagar kan verta ei aktuell løysning for framleis å hindra smittespreiing.

¤ - Skular og barnehagar skal få gode og tydelege reglar å halda seg til. Desse skal vera klare i god tid før opning. Både skulane og barnehagane skal få tid til å førebu seg skikkelig før opninga. Foreldre skal vera trygge for at det trygt å senda borna sine til skule og barnehage. Det skal vera trygt for borna å få ein klem, viss dei treng det.

¤ - Born i risikogruppa kan ikkje koma tilbake til skule og barnehage.