Karaldenuten fekk 133 stemmer frå lesarane, som har bestemt ni fjelltoppar som skal pryda Voss Gondol sine kabinar.
Karaldenuten fekk 133 stemmer frå lesarane, som har bestemt ni fjelltoppar som skal pryda Voss Gondol sine kabinar. Foto: Sjur Tveito

Dette er namna på gondol-kabinane

Lesarane har talt – og dei ni gondol-kabinane har fått namn etter ni fjelltoppar.

I tida fram motopninga av den nye gondolen på Voss har Hordaland, i samarbeid med Voss Resort, spurt lesarane om kva namn dei ni kabinane skal ha.

Juryen trakk fram 15 fjelltoppar, som dei meinte var rette toppar – så skulle lesarane bestemma dei ni namna.

No er namna offentleggjort, og dette er namna på dei nye kabinane på gondolen.

-Sjå opptak frå direktesendinga av opninga av Voss Gondol.

Dei ni namna

1. Lønahorgi (285 stemmer)

2. Horndalsnuten (258 stemmer)

3. Gråsidetoppen (244 stemmer)

4. Kvitanosi (242 stemmer)

5. Hangur (234 stemmer)

6. Oksen (201 stemmer)

Artikkelen held fram under annonsen.

7. Grønahorgi (176 stemmer)

8. Karaldenuten (133 stemmer)

9. Olsskavlen (131 stemmer)

Hordaland fekk inn 2000 stemmer på kabin-namna, og over 500 personar stemte på namna.

Dinglo og Danglo

I tillegg til fjelltoppane fekk to av kabinane namna Dinglo og Danglo.

– To av kabinane har fått namna Dinglo og Danglo, i tillegg til fjelltoppane. Ein raud og ein gul kabin, seier adm.direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle.

Voss Resort har trekt ut Hege Lindquist, Lily Slettemark og Frode Helland som vinnarar av sesongkort med Voss Gondol etter avstemminga.