Avisa Hordaland

Nyhende

– Dette vert kjempespennande

– Dette vert kjempespennande

Mykje folk møtte opp på opninga av Voss Gondol. Jane Karin Guleng hadde reist heilt frå Bergen for å ta sin fyrste tur med den nye gondolen.

annonse

Klokka 10 onsdag var det opning av Voss Gondol.

Mykje folk møtte opp for å få med seg opninga, og avdukinga av namna på kabinane.

Opninga starta med tale av adm. direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle, før namna på kabinane vart offentleggjort ein etter ein.

Les òg:

Fyrste tur

Billettsalet til gondolen starta rett etter opninga var ferdig.

Jane Karin Guleng var ein av dei fyrste som fekk kjøpt seg billett.

– Dette vert kjempespennande, fortalde ho, medan ho venta i den lange køen.

annonse

Ho hadde reist heilt frå Bergen for å ta sin fyrste tur med den nye gondolen på opningsdagen.

Sjur Tveito - FYRSTE TUR Jane Karin Guleng og Ernst Guleng hadde reist heilt ifrå Bergen for å ta sin fyrste tur med gondolen.

FYRSTE TUR: Jane Karin Guleng og Ernst Guleng hadde reist heilt ifrå Bergen for å ta sin fyrste tur med gondolen.Foto: Sjur Tveito

– Eg gler meg til å sjå utsynet, det vert ei fin oppleving. Gondolen ser veldig flott ut, seier Jane Karin.

Prisen på å ta gondolen har vorte eit diskusjonstema.

Jane Karin synest den kanskje var litt i meste laget.

– Det var ein voksen pris, det må eg seia, seier ho.

Sjur Tveito - VELKOMMEN Øyvind Wæhle helste folka som skulle vera med på den aller fyrste turen velkomen om bord.

Velkomen: Øyvind Wæhle helste folka som skulle vera med på den aller fyrste turen velkomen om bord.Foto: Sjur Tveito

– Dei siste skal verta dei fyrste

Etter at namna på kabinane var offentleggjort fekk dei som tok siste turen med Dinglo og Danglo i 2015, ta den fyrste turen med den nye gondolen.

Ein av dei var Johannes Seim.

– Det vert veldig moro, sa han, før turen med gondolen.