Digital 8. mai-feiring

Frigjeringsmarkeringa vart annleis enn vanleg i år, 75 år etter at landet vart fritt. No er det atter noko som trugar fridomen vår, seier Sigbjørn Hauge i talen for dagen.

Regimentsbautaen på Bømoen: Monumentet vart sett opp i 1948 til minne om dei falne frå Fjordane regiment i andre verdskrigen. Verket er laga av vossingen Lars Fletre. Foto: Helge Søfteland

– Pandemien me er oppe i no er vanskeleg, men me må ikkje gløyma dei som har kjempa og ofra livet for landet og fridomen vår, seier varaordførar Hauge.

Digital markering

Sigbjørn Hauge heldt digital markering av frigjeringa i år. Han har lest inn talen i kulturhuset, og berre nokre få veteranar og medlemmer av Forsvarsforeningen møtte fram til kranspålegging ved Regimentsbautaen på Bømoen. Men dei håpar å kunna samlast til ei tradisjonell markering neste år.

Regimentsbautaen på Bømoen: Monument over dei falne frå Fjordane regiment i andre verdskrigen. Foto: Helge Søfteland