Ivar Vatne var ein av dei som førehandsrøysta på Voss ved dette valet.
Ivar Vatne var ein av dei som førehandsrøysta på Voss ved dette valet. Foto: Stine Strand Carlsen

Dobbelt så mange som sist har førehandsrøysta

Nesten dobbelt så mange har førehandsrøysta i Voss kommune/herad som ved sist kommune- og fylkestingsval.

Riktignok er det på grunn av den komande samanslåinga med Granvin frå nyttår vorte nokre fleire veljarar enn sist. Men ikkje fleire enn at tala kan samanliknast.

– Det er 12.384 røysteføre i i Voss herad. 2999 har førehandsrøysta. Det er 80 prosent fleire – eller nesten dobbelt så mange – som ved kommune- og fylkestingsvalet for fire år sidan. Tilbakemeldingane frå publikum er at ein set pris på at førehandsrøystinga har funne stad på fleire plassar enn sist.

Det seier Tor Halvorsen, stabssjef for innbyggjarservice i Voss kommune/Voss herad.