Nedanfor Kulturhuset ligg det ei død elgku i vasskanten. Den har sannsynleg prøvd å kryssa ei elv og drukna.
Nedanfor Kulturhuset ligg det ei død elgku i vasskanten. Den har sannsynleg prøvd å kryssa ei elv og drukna. Foto: Katrine Nordanger Mjelde

Død elgku i Vangsvatnet

Fleire melde sundag om eit dødt dyr som låg i Vangsvatnet ved Kulturhuset.

– Det er sannsynlegvis ei elgku som har drukna. Det forundrar meg ikkje om det ligg fleire dyr i vatnet no. Vassdraga er harde og dei prøver å kryssa elvane, seier Ingmar Slettemark i Viltnemda.

Dyret vil bli fjerna i løpet av sundag ettermiddag og dei er no på veg med hjullastar.

– Det kan vera det ligg to dyr i kanten der. Me skal undersøkja saka nærare, seier Slettemark.

Les også: 

-

Det er mykje vatn i Vangsvatnet no. Her prøver Jon Arve Bolstad å dra i land eit søppelspann.
Det er mykje vatn i Vangsvatnet no. Her prøver Jon Arve Bolstad å dra i land eit søppelspann. Foto: Katrine Nordanger Mjelde

– Utruleg flaks at det ikkje blei verre.

-

Ingen skade på kommunale bygg.