annonse

E16-aksjonistar skal kuppa opninga av Vestland fylke

AKSJONERER
AKSJONERER: Her leia Himle E16-aksjonen på Stanghelle i 2015. Om to veker er ho på plass i Bergen. (Foto: Lisa Maria Breistein Sølvberg / arkiv)

E16-aksjonistane skal kuppa Vestland Fylkeskommune si markering av samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Stine Strand Carlsen

Aksjonen skjer ved Håkonshallen i Bergen tysdag 15. oktober, midt under den offisielle markeringa til nye Vestland fylkeskommune.

– Me skal visa oss fram, og ikkje lata dei gløyma oss. Me ynskjer å vera tydelege på at me forventar at Vestland fylke framleis prioriterer K5 som det viktigaste og høgast prioriterte samferdselsprosjektet på Vestlandet, seier Himle.

– Møt opp!

Ho håper at mange møter opp på aksjonen.

– Jo fleire, jo betre! Still gjerne med banner, plakatar og faklar, oppmodar Himle.

Les også:

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse