Fleire steinar har rast ned inni tunellen.
Fleire steinar har rast ned inni tunellen. Foto: Marita Saue Hamre

E16 stengd tre gonger på ein dag

I tre ulike tilfelle vart fleire tunellar stengde på E16 torsdag.

Like etter klokka 20.30 torsdag vart Jamnatunnelen i Vaksdal kommune stengd.

– Tunellen er stengd på grunn av fleire steinar har rast ned inni tunellen, melder Vegtrafikksentralen vest.

Klokka 22.10 melde Vegtrafikksentralen vest at tunnelen vart opna for trafikk att etter opprydding.

Fleire stengde tunellar

I løpet av torsdagen vart fleire tunellar på E16 stengde.

Stavenestunnelen mellom Trengereid og Vaksdal vartstengd på grunn av ein punktert bil med campingvogn.

I tillegg vart Hyvingstunnelen mellom Dale og Voss stengd på grunn av gjenstand i vegbana.

E 16 Jamnatunnelen i Vaksdal kommune, stengt pga flere steiner har rast ned inni tunnelen. Entr. er meldt.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)June 27, 2019

E16 Stavenestunnelen. Stengt pga Bil med campingvogn punktert i tunnelen.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)June 27, 2019

Artikkelen held fram under annonsen.

E16 Hyvingstunnelen mellom Dale og Voss er stengt pga gjenstand i vegbanen. Skal ligge en plat i vegbanen, og entreprenør er på veg.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)June 27, 2019