annonse

E16-tunellar opna etter opprydding

OPNA
OPNA: Flenjatunnelen langs E16 er opna att etter at eit vogntog tok oppi taket. (Foto: Statens vegvesen/Webkamera)

Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen er opna att etter at dei vart stengde onsdag ettermiddag.

  • Bjørn Sandnes
Marita Saue Hamre

Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen er opna igjen etter at det er rydda opp etter eit vogntog som tok opp i taket på Flenjatunnelen.

Like før klokka 17 onsdag ettermiddag køyrde eit vogntog i taket i Flenjatunnelen.

Flenjatunnelen  og Gudvangatunnelen vart stengde i samband med opprydding etter skadane.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse