I fjor vart målstarten for sykkelrittet Voss-Geilo ein regnfull affære. Det ser dessverre ut til at årets hending vert like vått.
I fjor vart målstarten for sykkelrittet Voss-Geilo ein regnfull affære. Det ser dessverre ut til at årets hending vert like vått. Foto: Stine Strand Carlsen/Arkiv

Ei regnfull helg i vente

Til helga kan folk i Sør-Noreg venta seg store mengder nedbør.

IfylgjeMeteorologene på Twitter er det ei regnfull helg i vente i sørlege delar av Noreg.

– For nokon lettar vêret i løpet av laurdagen, medan andre kan venta seg regn nesten heile helga, melder dei.

Skal du på et utearrangement i#SørNorge i helgen? 🏃💃 Det kan bli bløtt! 💦 For noen letter været i løpet av lørdagen, mens andre nok må belage seg på regn nesten hele helgen.pic.twitter.com/QaejBpK8Fa

— Meteorologene (@Meteorologene)August 16, 2019

Sykkelritt i regnet

Til helga vert mellom anna det rundt 160 kilometer langesykkelrittet Voss-Geilo arrangert.

Rundt 500 syklistar skal delta på sykkelrittet, som skal over Ulvikafjellet og over Hardangervidda i regnvêr og liten kuling.

Ifylgje yr.no vert det betring i vêret for vossingane på sundag. 

Les òg:

-  Hotell Ullensvang vert vinterstengt.

-Voss er landets 15. best klimatilpassa kommune.

-– Eit godt slåtteår.