IKKJE VILLSMITTE: Eidfjord kommune mistenkjer ikkje villsmitte i kommunen. Foto: Colourbox

Eidfjord: God oversikt over koronasituasjonen

Eidfjord kommune melder at det ikkje er nye positive prøvesvar utover dei tre som er meldt om tidlegare.

– Det er ikkje nye positive prøvesvar utover dei tre me tidlegare har meldt om. Me har god oversikt over situasjonen på noverande tidspunkt, og mistenkjer framleis ikkje villsmitte i kommunen, heiter det i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Les også
Eidfjord ventar svar på 76 testar – sjå koronastatus for alle kommunane her

Testar

– Me gjennomfører koronatestar dagleg, som oppfylging av smittesporinga. Det vert omfattande testing framover så lenge me vurderer at det er behov for dette.

– Me minner om at alle må fylgja nasjonale retningslinjer og vera særskilt merksame på symptom. Ved symptom ber me om at de held dykk heime og tek kontakt med legekontoret for å avklara eventuelt behov for testing.

Nasjonale føringar

Eidfjord kommune fylgjer framleis nasjonale råd og føringar og har ikkje innført lokale restriksjonar ut over at Eidfjord bygdeheim er stengd for besøkjande. Likevel er det viktig at alle er medvitne på kven dei har som nærkontaktar, og held dette på eit lågast mogleg nivå, melder kommunen.

Les også
Gahvejian-familien si sak tema i Stortinget: – Ullent svar, meiner lokalpolitikar
Les også
Slik er verdas beste landslag komande sesong