UTBROT: Koronautbrotet byrja 26. mars, då fleire positive koronatestar dukka opp. I løpet av den fyrste helga vart det registrert ni smittetilfelle. Det vert framleis registrert smittetilfelle i kommunen, det seinaste på onsdag denne veka, og til no har 48 personar testa positivt for korona. Foto: Karl Ystanes

Ein ny positiv koronatest i Ullensvang

Til no i koronautbrotet i Ullensvang har 48 personar blitt smitta av covid-19. To personar er innlagde på sjukehus.

Det melder ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding onsdag kveld. Kommunen fekk melding om ein ny positiv test onsdag. Personen som hadde testa positivt sat i karantene.

Totalt er no 17 personar i isolasjon i Ullensvang, medan 105 er i karantene. To smitta innbyggjarar er innlagde på sjukehus.

Det har til no vore 48 smittetilfelle totalt i utbrotet, som byrja 26. mars.

– Dei tilsette gjer ein stor innsats med å handtera pandemien. Helsetenestene har vore hardt pressa dei siste vekene. Arbeidstakarane skal ha stor ros for solid innsats i den krevjande situasjonen, seier Aga Haug i pressemeldinga.