POSITIV KORONA-PRØVE: No er det 19 som har testa positivt på Voss. Illustrasjon: Pixabay

Ein ny smitta av koronavirus på Voss

Tysdag er det registrert ein ny person som har testa positivt for koronavirus i Voss herad, opplyser kommuneoverlege Eystein Hauge.

– Dette gjeld ein person som er tilknytt ein familie der det er ein annan som har testa positivt, tidlegare, opplyser Hauge.

Samla tal på smitta i Voss herad er dermed oppe i 19, legg han til.

Rutinen for informasjon til dei som er smitta tilseier at dei får ein samtale med kommuneoverlegen, og skriftleg informasjon om kva tiltak den enkelte må setja i verk. Heimeisolering tilseier at pasienten ikkje skal gå ut. Dei skal halda avstand til andre i heimen, og om mogeleg bruka eige rom og bad, og eigne baderomsartiklar. Det er tilrådd at det vert reingjort ofte. Isoleringa varer vanlegvis til sju dagar etter at pasienten er symptomfri.

Heimekarantene gjeld for personar som ikkje er sjuke, men som har ein kjent, mogeleg eksponering. Det vil til dømes gjelda personar i same husstand som ein som har fått påvist koronaviruset covid-19.

– Det er svært viktig at desse tiltaka vert etterfylgde, seier kommuneoverlegen.