SMITTA: Ein ny smitta i går i Vaksdal, men ingen dramatikk, seier kommuneoverlege Ole M. Thorseth. Foto: Jan-Egil Dyvik

Ein ny smitta i Vaksdal – fyrste smittetilfelle sidan mai månad

Det er meldt om ein ny smitta i Vaksdal, og vedkomande er i karantene.

Det opplyser kommuneoverlege Ole M. Thorseth, og han legg til at dette er venta etter all smitten som er i Bergen.

Truleg frå Bergen

– Me veit no ikkje heilt sikkert at det er der vedkomande, som er ein ung person, er smitta. Men truleg er det slik, seier Thorseth.

Vaksdal har ikkje hatt smittetilfelle sidan mai månad, men Thorseth vil slett ikkje dramtisera situasjonen.

– Ein nærkontakt er i karantene og andre nærkontaktar er utanbygds. Dette viser også at pandemien slett ikkje er over, og ein må passa godt på og fylgja smittevernreglane, understrekar kommunoverlegen.

I fylgje VG si oversikt er tilfellet som vart registrert i går det 50. i kommunen.

Les også
Ikkje lengre mogleg å framskunda dose to av koronavaksinen – enn så lenge