KLASSAR I VENTEKARANTENE: Tre skuleklassar ved Dale skule (biletet) og Stanghelle skule er sett i ventekarantene onsdag etter at ein person er konstatert smitta av korona. Foto: Stine Carlsen

Tre skuleklassar i ventekarantene etter nytt smittetilfelle

Det er konstatert eit nytt smittetilfelle i Vaksdal, og tre skuleklassar er sett i ventekarantene.

Det stadfester kommuneoverlege Ole Miltzow Thorseth onsdag.

Truleg mutert virus

– Personen testa seg i går, og har fått positivt svar. Det er ein vaksen person det er snakk om. Sidan han har born på skule, så er tre klassar ved skulane på Dale og Stanghelle sendt i ventekarantene, seier Thorseth.

Thorseth reknar med at det er eit mutert virus det er snakk om, og at smitten truleg kjem frå Bergen, utan at dette er heilt sikkert så langt.

RÅKA: Også ein skuleklasse ved Stanghelle skule er sett i ventekarantene. Foto: Siri Flatlandsmo

Tilfelle 42

Dette eine tilfellet i dag er det 42. koronatilfellet i Vaksdal kommune. Familien til personen som er smitta er sett i karantene, og dei vert testa i dag.

– Når me får svar på prøvane som vert sende, er litt uvisst. Det kjem an på kor mange prøvar laboratoriet i Bergen har inne, seier kommuneoverlegen.

Det var VaksdalPosten som fyrst omtala saka.

Også karantene i barnehage

Også to avdelingar ved barnehagen på Vaksdal er sette i ventekarantene grunna den smitta personen. Dette opplyser kommunalsjef for oppvekst, Ann Kristin Bolstad, til VaksdalPosten.

— To grupper i barnehagen på Tveitane er onsdag sende heim i ventekarantene, saman med dei vaksne som er i desse gruppene. Alt er knytt til det same smittetilfellet som vart oppdaga onsdag, seier Bolstad til avisa.

Les også
Nye smittetilfelle i Ullensvang. – Smittevegen er kjend