NY SMITTA: Vaksdal har no ein ny smitta av koronaviruset. Foto: Pixabay

Ein ny smitta i Vaksdal

Fredag er det registrert ein ny smitta person i Vaksdal kommune.

Det fortel kommuneoverlege i Vaksdal, Ole Miltzow Thorseth, til VP.

— Vedkommande har vorte smitta i utlandet og har vore i karantene sidan han kom til Noreg. Me har sjekka, og det er ikkje fare for at vedkommande har smitta vidare. Så det er ikkje noko dramatikk knytt til dette tilfellet, seier Thorseth til avisa.

Personen skal vera ein vaksen person, i fylgje kommuneoverlegen.

Han seier også at han trur smittebylgja i Vaksdal er i ferd med å flata ut.

Totalt 34

Vaksdal har no totalt 34 smittetilfelle. Fire av dei kom i mars. 30 av dei har kome dei siste vekene.

Måndag skal kommunestyret i Vaksdal ha ekstramøte om kva for vidare smitteverntiltak som skal gjelda i kommunen.

I dag, fredag, vart det klart at dei ekstraordinære smitteverntiltaka vert vidareførte i to veker til i Bergen, fram til 7. desember.

Dei sju nabokommunane rundt Bergen skal alle vurdera kva som vil gjelda hjå dei.