Gå til sidens hovedinnhold

Ein person omkom i trafikkulukke

Artikkelen er over 10 år gammel

Ein person omkom i ei trafikkulukke på E16 på Stanghelle i føremiddag.

Hjelpemannskap og politi rykte ut med full styrke til trafikkulukka på Stanghelle.

To personbilar og ein lastebil er involvert i ulukka. Ein person omkom, skadeomfanget utover det er ikkje kjend. Det er uklart korleis ulukka har skjedd. E 16 er no stengt, og det er lange køar i området.