Ei kvinne har testa positivt for koronaviruset

Kommuneoverlege Eystein J. Hauge stadfestar at ein ny person er smitta av koronaviruset på Voss.

I ei pressemelding skriv kommuneoverlege Eystein J. Hauge at ein tredje person har testa positivt for koronaviruset på Voss.

Kvinna er den andre av dei to personane som vart testa etter nærkontakt med personen som hadde besøkt heimlandet sitt.

På under ei veke har tre personar testa positivt for koronaviruset.

– Eg kan seia at alle tre som har fått påvist koronaviruset (Covid-19) i august har hatt relativt milde symptom, opplyser kommuneoverlege Eystein J. Hauge til Hordaland.

– Veit du noko om dei smitta har vore i kontakt med andre personar?

– Ja, men så langt me veit har alle nærkontaktar av desse to testa negativt, svarar Hauge.

– Ikkje overraskande

Personen som vart smitta fyrst var i eit raudfarga land. Denne personen har vore i nærkontakt med dei to andre som no er stadfesta smitta, den siste ei kvinne fredag ettermiddag.

– Det kjem ikkje som noko overrasking at ho testa positivt. Heldigvis har det ikkje nokon ytterlegare konsekvensar for andre ettersom ho har vore i karantene den siste veka, seier

Status for hennar eigen del vert derimot endra frå karantene til isolasjon.

– Er det venta fleire svarresultat i helga?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje som me har særskilt grunn til å tru er positive, seier kommuneoverlegen.

Les også
– Eg er heldigvis oppegåande og i live til å fortelja
Les også
Nytt koronatilfelle på Voss