Nytt smittetilfelle på Voss stadfesta onsdag kveld

Ein person på Voss vart onsdag kveld stadfesta smitta av covid-19, skriv heradet i ei pressemelding.

– Personen høyrer til same husstanden som eitt av tilfella heradet melde om sundag kveld, og er av den grunn alt i karantene. Det er ikkje fleire nærkontaktar, skriv Voss herad.

Nye tilfelle

Sundag melde Voss herad om to nye tilfelle av koronasmitte i heradet. Dette var dei fyrste tilfella av koronasmitte i heradet sidan 19. februar. Totalt er det meldt om 147 tilfelle av koronasmitte mellom innbyggjarane i heradet sidan pandemien starta i fjor vinter.