KORONASMITTE: Eitt nytt smittetilfelle i Ullensvang sundag. Det er ingen nye som skal i karantene som fylgje av det nye smittetilfellet. Foto: Karl Ystanes

Eitt nytt smittetilfelle i Ullensvang sundag

– Tilfellet var venta. Vedkomande var i karantene frå før og smittevegen er kjent, opplyser ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding.

Det er ingen nye som skal i karantene som fylgje av det nye smittetilfellet.

Fleire ut av karantene

Ordføraren informerer vidare i pressemeldinga at alle nærkontaktar på Hestavoll no har testa negativt og er ute av karantene.

Det same gjeld nærkontaktar knytt til eit apotek, og nærkontaktar i samband med eit treningssenter.

Les også
To positive koronatestar i Ullensvang fredag
Les også
To nye smittetilfelle i Voss herad