annonse

Erling jublar for siger

Holmenkollstafetten
Holmenkollstafetten: (Foto: Svein Halvor Moe)

Erling Hisdal frå Vaksdal sprang på vinnarlaget i studentklassen i Holmenkollstafetten.

  • Svein Halvor Moe

Erling Hisdal har dei siste åra vore ein av dei aller beste motbakkeløparane i landet. Etter eit langt skadeavbrekk er vaksdølen no tilbake i konkurransemodus. 36-åringen sprang godt då han var i aksjon i Holmenkollstafetten i helga.

Erling sprang for laget til Noregs idrettshøgskole som vann den prestisjefylte studentklassen der det var mange gode lag med i kampen om siger.

Vann noregscupen i 2016

Hisdal, som har stor fysisk kapasitet og vann noregscupen i motbakkeløp i 2016-sesongen, er no på full fart tilbake etter et langt skadeavbrekk. Han hadde fire operasjonar i fjor og er framleis ikkje hundre prosent bra etter desse inngrepa. Det kan derfor bli ein femte operasjon. Hisdal er ærleg på at han håpar å unngå det.

– Eg driv med mykje førebyggjande trening i håp om at det skal føra til at eg ikkje må under kniven fleire gonger. Det er smertefullt både å trena og ikkje minst konkurrera. Men eg har vant meg til det og kjenner eg har kontroll på situasjonen, seier hardhausen som har lært seg å leva med smertene som belastningsskaden nedanfor kneet og operasjonane har påført han. Erling klagar ikkje og er glad for at han endeleg er tilbake i konkurransemodus igjen.

Tøff oppkøyring

– Eg må vedgå at det var kjedeleg å få ein ufrivillig pause og mellomsesong i fjor etter to sesongar med mange bra prestasjonar. Hovudmålet mitt i år er å byggja meg opp og deretter koma opp det nivået eg var på i 2016 og året etter. Eg har lagt opp til at eg skal konkurrera meg i form. Derfor har eg planar om å delta i heile seks løp fram til norgescupopninga i Sauda i starten av juni, seier Hisdal til Hordaland på Bislett i helga.

36-åringen syntest det var kjekt å vera tilbake i miljøet. Han innser at det vil ta tid å byggja seg opp og er innstilt på å bruka den tida som er nødvendig. Det er i år eit mål å få med seg dei fleste noregscupløpa.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse