SKADD: Ein fallskjermhoppar vart skadd under landing i Bømoen laurdag føremiddag. Ambulansen rykte ut til ulukka. Foto: Marita Saue Hamre

Fallskjermhoppar fekk brot i ryggen

Ein fallskjermhoppar vart skadd under landing i Bømoen laurdag føremiddag.

– Ho fekk brot i ryggen. Det kan ta lang tid før ho er bra i ryggen igjen, seier dagleg leiar i Voss Fallskjermklubb, Andreas Håland Hemli.

Den kvinnelege fallskjermhopparen er medlem av Voss Fallskjermklubb.

– Fallskjermhopparen hadde ei fin og mjuk landing, men fekk vondt i ryggen like etterpå, legg Håland Hemli til.

Vart frakta vekk med ambulanse

Politiet varsla om ulukka på Twitter klokka 13.34 laurdag.

Den kvinnelege hopparen vart frakta vekk i ambulanse kort tid etter at meldinga kom.

Ambulanse og politi rykte ut til hendinga.

Les også
100 kilo tung stein hamna i vegbana på E16
Les også
God pinse – og bruk fornuft