– Det var stopp i hoppeaktivitetane etter ulukka, fortel dagleg leiar i Voss fallskjermklubb, Andreas Håland Hemli.
– Det var stopp i hoppeaktivitetane etter ulukka, fortel dagleg leiar i Voss fallskjermklubb, Andreas Håland Hemli. Foto: Stine Strand Carlsen

Fallskjermulukke på Bømoen

Ein mann i 30-åra er frakta til sjukehus etter ei hard landing på Bømoen. Voss fallskjermklubb hadde opphald i fallskjermaktivitetane etter ulukka.

– Ein mannleg fallskjermhoppar fekk ei hard landing og gjekk ned i eit buskas på enden av flystripa, seier dagleg leiar av Voss fallskjermklubb, Andreas Håland Hemli.

Meldinga om ulukka kom inn klokka 10.55, og alle naudetatar rykte ut. Når Hordaland var på staden like før klokka 12, hadde naudetatane alt forlate området.

– Naudetatane kom kjapt til på området og frakta mannen rett til Voss sjukehus, seier Hemli.

Til sjukehus

– Mannen er frakta til Voss sjukehus. Det skal ha blitt utløyst ein reserveskjerm utan at denne fungerte, seier operasjonsleiar hjå politisentralen i Bergen, Eivind Hellesund, til BT.

Mannen skal ha vore bevisst då helsepersonell tok seg av han.

Ved enden av flystripa til høgre i biletet skal mannen ha landa stygt.
Ved enden av flystripa til høgre i biletet skal mannen ha landa stygt. Foto: Marco Arcangeli/Voss fallskjermklubb

Mykje folk i området

Ekstremsportveko går føre seg i området denne veka, og det er mange folk ved fallskjermklubben. Andreas Håland Hemli i Voss Fallskjermklubb stadfester overfor Hordaland at det var folk som fekk med seg ulukka.

– Det var ein del som var vitne til ulukka, seier Hemli.

– Kan du seia noko om mannen er frå Voss?

– Det vil eg ikkje svara på på noverande tidspunkt, seier Hemli.

Det var full stopp i fallskjermaktivitetane i området i timane etter ulukka. Like før klokka 13.30 gjekk aktivitetane som normalt att, stadfester Voss fallskjermklubb.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslått

Fredag ettermiddag melder Helse Bergen i ei pressemelding at fallskjermhopparen, ein 33 år gammal mann, er alvorleg skadd. 

– Den skadde skal etter forholda ha det bra, opplyser sikkerheitskoordinator i Ekstremsportveko, Arild Tvilde.

#Voss#bømoen- kl 1055 - Fallskjerm ulykke. Naudetater er på staden.

— Vest politidistrikt (@politivest)June 29, 2018