HUSVASK: Line Eide Vik, som bur på Stamnes, fekk fjorden godt opp mot husveggen måndag kveld. Men vatnet gjorde ikkje skade på hus og heim. Foto: Privat

Fekk fjorden inntil husveggen

Line Eide Vik på Stamnes fekk fjorden tett på måndag kveld.

Line Eide Vik, som bur tett inntil fjorden på Stamnes, merka ruskevêret Elsa godt måndag kveld.

– Floen var på topp rundt midnatt. Me fekk ein vask på naustgolvet, elles var det lite action. Vatnet har ikkje gjort skadar på hus og heim, seier Eide Vik.

INGEN SKADAR: - Vatnet har ikkje gjort skadar her, seier Line Eide Vik på Stamnes. Foto: Stine Strand Carlsen

Ikkje meldt om skadar

Det er ikkje meldt om skadar etter floen i vårt distrikt.

Då sjøen sto på sitt høgste i Granvin natt til tysdag var det framleis fire centimeter under rekordmålinga i 1990.

– Sjøen kom ikkje inn på kaien eller området rundt, seier spesialrådgjevar Asbjørn Helleve i Voss herad. Helleve har lang røynsle med tilhøva i Granvin frå tida som teknisk sjef i tidlegare Granvin herad.

LITT ATT: Stor flo i Granvin, men det er ikkje meldt om skade av den grunn. Foto: Asbjørn Helleve

Vindstille

– Det var heilt stilt, ikkje eit vindpust då sjøen sto så høgt, difor gjekk dette veldig bra.

Han var til stades til seint på kveld, og registrerte at også fleire av dei som budde i nærleiken fylgde nøye med på utviklinga.

Ikkje meldt om skade

I Ulvik har heradet heller ikkje registrert større skadar, sjølv om sjøen sto høgt rundt midnattstider. Ronny Lunestad ved teknisk etat i heradet seier at sjøen sto høgt også på føremiddagen måndag, men at heradet ikkje har fått meldingar om skade.

– Me ser at sjøen har stått nesten opp til gangvegen på nedsida av det nye omsorgstunet, er døme han gjev på korleis tilstanden var.

Ikkje skadar i Vaksdal

I Vaksdalsområdet er det heller ikkje meldt om skadar, melder kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen har lite installasjoner i tilknyting til fjorden og floa. Elles har det vore vanlege førebuingar som slukrens i samband med mykje nedbør. Stormsenteret er reist nord om oss, så vasstanden ser ut til å verta mindre enn forventa, seier Torstein Mehus ved kommunalteknisk drift i Vaksdal kommune.