Festivalbåten Lindenes køyrde på grunn i Kinsarvik.
Festivalbåten Lindenes køyrde på grunn i Kinsarvik. Foto: Karl Ystanes

Festivalbåt på grunn

Festivalbåten Lindenes køyrde fredag ettermiddag på grunn i samband med Landsfestivalen i Kinsvarvik.

Båten er leigd inn, og det skulle vera fire konsertar om bord.

På veg inn mot land etter fyrste konserten, rundt klokka 13.30, hadde båten for stor fart, fortel augnevitne til Hordaland.

Båten køyrde dermed opp i fjøresteinane mellom ferjekaien og gamlekaien.

– Eg veit ikkje meir enn at båten grunnstøytte. Me har konsentrert oss om å få passasjerane i land. Heldigvis vart ingen av dei skadde, seier festivalsjef Magne Velure.

Dei tre andre konsertane som skulle vore om bord, vert flytta innandørs til Borgstova.