AVGRENSA: Folkehelseinstituttet tilrår å avgrensa klemming til berre dei næraste. Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix / NPK

FHI: Ein kan klemma sine næraste

Folkehelseinstituttet tilrår framleis å avgrensa kven ein gjev klemmar til. Det bør berre vera dei næraste.

– Så lågt som smittetalet er no, tenkjer eg det er greitt å gje ein klem til nære venner, seier overlege Are Stuwitz Berg i FHI til VG.

FHI presiserer samtidig overfor NTB at dei ikkje tilrår klemming med alle – ei heller med alle venner.

– Are Stuwitz Berg har ikkje sagt eller meint at det blir for opna klemming med alle venner. Han har sagt at ein kan klemma sine næraste, slik me har framhalde ei stund alt, skriv FHI sin medievakt i ein e-post til NTB.

Stuwitz Berg presiserer overfor VG at smittefaren aukar dess fleire venner ein klemmer, og han tilrår at ein ikkje introduserer mange nye inn i klemmegruppa.

Overfor NTB understrekar FHI kor viktig det er å halda oppe vanlege tiltak ved å halda seg heime når ein er sjuk, praktisering av god handhygiene og å halda éin meters avstand.

(©NPK)