HANDVASK: Legar får bilete av born som vaskar hendene sine til blods på skular og i barnehagar. No endrar Folkehelseinstituttet vaskeråda. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

FHI endrar vaskeråda for born etter at mange får hudproblem

Legar har slått alarm om at born no vaskar hendene så ofte at dei blir såre og utsette for infeksjonar. No endrar Folkehelseinstituttet vaskeråda.

FHI endrar råda etter at Norsk foreining for allmennmedisin og Psoriasis- og eksemforbundet har teke problemet med såre barnehender, skriv Aftenposten.

Mange fastlegar får no bilete av hender med sår på knokane, ifylgje leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, Marte Kvittum Tangen.

– I verste fall kan me risikera ei blomstring av handeksem blant born under pandemitida. Handeksem er ikkje berre smertefullt, det aukar òg infeksjonsfaren for barnet, seier generalsekretær Mari Øvergaard som har teke opp saka med FHI.

Dei nye råda er slik:

¤ Handdesinfeksjon kan erstatta handvask når hendene ikkje er synleg skitne. Handdesinfeksjon er ofte meir skånsamt for huda enn såpe. I tillegg går det fortare å gjennomføra.

¤ Handvask med lunka vatn og såpe bør gjennomførast når elevane kjem til skulen, etter friminutt, når hendene er synleg skitne og alltid etter toalettbesøk.

¤ Det er ikkje nødvendig med både handvask og handdesinfeksjon samtidig. Ein av delane held.

¤ Ifylgje råda som gjaldt fram til 15. mai skulle borna alltid vaska hendene før ein drog heimanfrå, når ein kom til skule/SFO, etter hosting og nysing, etter toalettbesøk, før og etter måltid og etter at ein kjem inn frå uteaktivitet, og dessutan ved synleg skitne hender.

(©NPK)

NYE VASKERÅD: Legar får bilete av barn som vaskar hendene sine til blods på skular og i barnehagar. No endrar Folkehelseinstituttet vaskeråda.Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK