Ulvik har godkjent planar om å dela inn  Finse samfunnshus i fem husvære.
Ulvik har godkjent planar om å dela inn Finse samfunnshus i fem husvære. Foto: Sigrid Seim

Finse samfunnshus får fem bueiningar

Huset har bruk for renovering, og eigarane ynskjer difor å byggja Finse samfunnshus om til fem bueiningar.

Jøklagutane som eig Finse samfunnshus har fått løyve til å byggja om huset, slik at dei får ei driftsform som er betre tilpassa dagens marknad.

Les og:

-Finsebyen har fått seg gate

Godkjent av heradet

Tidlegare har lokala vore utleigde til skuleklassar, speidargrupper og andre, og til breførarar i sommarsesongen. Men det er lite tilfredsstillande å berre tilby flatsenger til innleigde guidar, noko som fører til stor gjennomtrekk av guidar, meiner eigarane.

Ulvik herad har godkjent planane som Jøklagutane har for opprusting av bygget. Når det vert delt opp i fem mindre einingar, ynskjer eigarane å disponera to av einingane. Dei tre andre kan nyttast til bueiningar for aktivitetane som dei tilbyr på Finse, og til anna utleige for kortare eller lengre periodar, har dei planlagt.

Rådmannen i Ulvik har vurdert det til at desse planane ikkje inneber nokon auke i overnattingskapasiteten samanlikna med det huset har vore brukt til tidlegare.

Krava

Ved ombygginga vil hovudforma på bygget verta som før. Bygget skal verta kledd med ståande panel i malmfuru, som vil gråna over tid. Sokkelen vil verta steinsett med naturstein. Det vil gje bygget eit lyft, og vera i tråd med eldre byggjeskikk, ifylgje arkitekten for ombygginga.

For å få koma i gang med arbeidet må det gjerast avtalar med Finse Vann- og Avløpsselskap, og med grunneigaren, Statskog SF.

Jøklagutane AS er eit aktivitetsfirma som leverer naturbaserte opplevingar, i form av breføring, guida skiturar, sykkelturar på Rallarvegen og mykje anna. Dei har hatt mange oppdrag i Finseområdet i samband med film- og tv-produksjonar. Eirik Nordahl-Pedersen og Kjell Magne Tangen står bak selskapet.