MEIR SMITTE: Hardanger er hardt råka av koronasmitte no etter påske. Her frå Kinsarvik. Foto: Karl Ystanes

Fire nye koronasmitta i Ullensvang i dag

Koronautbrotet i Hardanger veks i omfang.

– Det er meldt om fire nye positive testar i Ullensvang kommune i dag, melder Ullensvang kommune i ei pressemelding torsdag.

Mange i karantene

Dette medfører karantenesetting av fleire, ut over dei 52 personane som alt er i karantene i kommunen.

– To personar går ut av isolasjon i dag, skriv kommunen.

Per i dag er 20 personar koronasmitta i Ullensvang.

Totalt har det vore 34 smitta i kommunen under koronapandemien.

Klokka 16 i dag er det også kalla inn til ekstraordinært kommunestyremøte i Ullensvang. Her skal det bestemmast eventuelle nye tiltak som fylgje av utbrotet.

Les også
Fire nye smittetilfelle i Kvam torsdag – kan koma fleire i løpet av dagen
Les også
Fleire nye smittetilfelle i Ullensvang

Lokale råd

Kommunen kjem med desse generelle råda til innbyggjarar og næringsliv:

• Fylg den lokale forskrifta.

• Ha færrast mogleg nærkontaktar.

• Hald to meter avstand, nytt munnbind om ikkje avstand kan haldast.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Får du symptom, føler du deg sjuk, hald deg heime og utfør testing.

• Det er særleg viktig å ta omsyn til dei som har anna sjukdom og redusert helsetilstand, og som vil kunna få eit meir alvorleg sjukdomsforløp dersom dei blir smitta av koronavirus.

Les også
Fryktar villsmitte i Hardanger: – Utbrotet har eskalert
Les også
Ny koronapasient innlagd på Voss sjukehus
Les også
Nytt smittetilfelle på Voss stadfesta onsdag kveld