Talet på nye smittetilfelle i Kvam auka til seks torsdag

Kvam herad melde torsdag fyrst om fire nye smittetilfelle med covid-19. Utpå ettermiddagen vart det konstatert to til, slik at talet steig til i alt seks tilfelle torsdag.

– Kvam herad har fått melding om seks nye smittetilfelle med COVID-19 så langt i dag, og det er dermed registrert 44 tilfelle til saman sidan onsdag i førre veke, skriv Kvam herad i ei pressemelding.

Tre av dei nye tilfella var kjende nærkontaktar, for det fjerde er smittesporingsarbeidet ikkje fullført.

– Dei nye smitta er nærkontaktar av tidlegare smitta, og smittesporingsarbeidet har vist samanheng mellom dei ulike smittetilfella, skriv heradet etter at dei to siste tilfella vart kjende torsdag ettermiddag.

291 nærkontaktar

Det er no registrert 291 nærkontaktar. I tillegg kjem husstandsmedlemer som er sett i ventekarantene.

I løpet av gårsdagen, onsdag 7. april, vart det gjennomført 128 koronatestar.

Onsdag var det 15 nye smittetilfelle og smittesporinga har vist at alle har kjende smittelinjer.

Les også
Fleire nye smittetilfelle i Ullensvang

Kriseleiinga i møte

Seinare torsdag hadde kriseleiinga ha møte for å diskutera om det er behov for nye tiltak.

– Så lenge det ikkje er dramatiske nye funn, og det ser det så langt ikkje ut som det er, så er det ikkje sannsynleg med nye tiltak, seier ordførar Torgeir Næss til Bergens Tidende.

Næss ventar ikkje at bemanningssituasjonen i kommunen blir kritisk. Han viser til at fleire byrjar å koma ut av karantene etter negativ test for andre gong.

Les også
Desse kommunane startar med vaksinering av risikogruppene neste veke