FIRE NYE: Kriseleiinga i Ullensvang herad meiner den lokale forskrifta i samband med koronautbrotet som byrja 26. mars, kan opphevast. løpet av fredag og laurdag har det dukka opp fire nye koronasmitta i kommunen. Det opplyser ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding laurdag. Foto: Karl Ystanes

Fire nye smittetilfelle i Ullensvang

Fredag og laurdag er det meldt om til saman fire nye tilfelle av koronasmitte i Ullensvang kommune.

Dette går fram av ei pressemelding frå ordførar Roald Aga Haug laurdag.

Ein positiv prøve vart kjend fredag, medan tre nye vart registrert laurdag.

Kommunen opplyser at dei reknar med kjenna smittevegen for dei fire positive prøvane, og at smittesporing framleis pågår.

Åtte personar er i isolasjon i kommunen per i dag, laurdag, og åtte personar har kome ut av isolasjon dei to siste dagane, fortel pressemeldinga.

Elevane i ein 7. klasse på Odda barneskole er sett i karantene, og i samband med at smitta har teke skulebuss i Odda denne veka, har kommunen retta ei tilråding til andre på dei aktuelle bussane om å testa seg.

Hordaland freista nå ordføraren i Ullensvang laurdag ettermiddag, men lukkast ikkje denne gongen.