NYE SMITTETILFELLE: Ordførar Hans-Erik Ringkjøb opplyser i ei melding til pressa torsdag ettermiddag at fire nye personar har testa positivt for korona på Voss denne veka. Foto: Vidar Herre

Fire nye smitta personar på Voss denne veka – tre av dei frå Oslo

– Ingen av personane er heimehøyrande på Voss, opplyser heradet i ei pressemelding.

Status for korona-stoda i Voss herad siste veka er at 380 personar er testa. Fire av dei har testa positivt for korona.

– Tre av dei høyrer til same husstand og er bustadregistrerte i Oslo, medan den fjerde er busett i Vik. Dei er alle fire knytt til to av dei smittetilfella heradet meldte om i førre veke, står det i meldinga.

– Ingen av desse smittetilfella har utløyst karantener, testing eller smittetilfelle på Voss, opplyser kommuneoverlege Eystein Hauge til Hordaland.

Sist Voss herad meldte om smittetilfelle på Voss var førre veke, 7. april. Då var ein person smitta. Det vart også meldt om to smittetilfelle sundag 4. april. Dette var dei fyrste smittetilfella sidan 19. februar.

Les også
Røykutvikling i bosbil på Voss: – Eg kjende ei svidd lukt

3511 vaksinedosar til no

Dette melder ordførar i Voss herad, Hans-Erik Ringkjøb, i ei pressemelding torsdag.

I løpet av inneverande veke vert det sett 516 nye vaksinedosar, alle er av typen Pfizer/BioNTech. Til no er det sett 3511 dosar i Voss herad.

Neste veke (veke 16) ventar Voss 73 glas med vaksinar. Dei utgjer omtrent 438 dosar. I veke 17 er det venta 78 glas frå Pfizer/BioNTech.