Fleire brannar på Dale stasjon
Like etter brannen i tremannsbustaden på Dale, tok det fyr på Dale stasjon òg.
Det var måndag klokka 21.30 at brannvesenet melde om røykutvikling på Dale stasjon.
— Det viste seg at det var brann i fleire bosspann på venterommet på stasjonen som politiet trur kan vera påsett, seier politiet sin innsatsleiar Ole Marius Røttingen.
Personar evakuerte etter brann
Det har vore mykje røykutvikling, og personane som bur i bygget er evakuerte.
Røttingen seier også at det er nærliggjande å tru at det er ein samanheng mellom brannane i tremannsbustaden tidlegare på kvelden og på stasjonen.
Brann i 2 bosspann på 2 toalett er også sløkt
— 110 Hordaland (@110Hordaland) December 2, 2019
Les òg:
— To berga seg ut frå brennande hus.
— Ein person arrestert etter fleire brannar på Dale.