OPNAR: Negative testsvar gjer at Dale skule onsdag igjen opnar dørene. Foto: Stine Carlsen

Skular og barnehage opnar etter negative testsvar

Vaksdal kommune melder om negative testsvar og opning av skular og barnehage frå i morgon.

– Me har fått svar på dei fleste testane, og alle er negative. Det vil seia at mange no er ute av ventekarantene, skriv kommunen i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Dermed er Stanghelle barnehage, Stamnes skule, Dale skule (utanom ein 8. klasse) ute av ventekarantene, og opnar opp i morgon:

– I Vaksdal barnehage er alle ute av ventekarantene, men me har framleis to avdelingar i smittekarantene. Dei som er i smittekarantene må bli i avtalt karantene i 10 dagar, heiter det i pressemeldinga.

Framleis smittekarantene

På Stanghelle skule er alle ute av ventekarantene, men ein har framleis nokre klassar i smittekarantene.

– Dei som er i smittekarantene må bli i avtalt karantene i 10 dagar. Føresette blir varsla i eigne kanalar korleis skuledagen blir i morgon.

Les også
Fleire hundre i karantene etter smittetilfelle knytt til LAN-arrangement