Fleire nye smittetilfelle i Ullensvang

Ullensvang kommune melder onsdag om fleire nye tilfelle av smitte.

– Det er fire nye positive testar i dag, går det fram av ei pressemelding frå kommunen.

Sporingsteam er i gang med vidare kartlegging og smittesporing.

I pressemeldinga står det også at det per i dag er 17 personar med smitte i Ullensvang kommune.

Vaksinering

Denne veka kjem det 306 vaksinedosar til kommunen.

Fordeling av desse er slik: 251 til risikogruppene, 40 til helsepersonell, 12 til revaksinering og 3 i buffer.

– Vaksinering av gruppa 75–84 år held fram, men me når denne veka punktet der ein kan byrja vaksinering av dei neste risikogruppene. To grupper er då sidestilte: Alder 65–74 år, og 18-64 år med særleg høg risiko for alvorleg sjukdom ved covid-19.

Les også
Mæland oppmodar folk til å planleggja ferie i Noreg

– Me vil ha ca. 80 dosar til å byrja vaksinering av desse nye gruppene, og dei vert vaksinerte parallelt. Totalt omfattar gruppene til saman nær 1500 personar i Ullensvang. Det kjem dermed til å ta fleire veker å vaksinera desse gruppene.

Det er ikkje lagt opp til innbyrdes risiko-rangering internt i gruppene, slik at personar i desse må venta på tur, heiter det på kommunen si side.

Les også
Avlyser Superleikane
Les også
For eitt år sidan testa Maria positivt. Framleis kjenner ho korona på kroppen.