Det har oppstått problem med betalingstenesta Vipps og fleire andre kortbetalingstenester på grunn av driftsforstyrringar hjå selskapet Nets. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Fleire opplever problem med kortbetaling og Vipps

Det er problem med fleire kortbetalingstenester og Vipps på grunn av driftsforstyrringar hjå selskapet Nets. Det er førebels uklart kvar feilen ligg.

Pressekontakt i Vipps, Hanne Kjærnes, stadfestar overfor NTB at problema er vedvarande.

– Status er at det er tekniske problem hjå samarbeidspartnaren vår Nets som påverkar Vipps. Det påverkar bank-id og det påverkar òg ein del anna betaling i Noreg generelt, seier ho.

Ho legg til at dei førebels ikkje har funne ut av kvar feilen ligg.

– Men det er mange som jobbar med å finna ut av problemet så fort me kan. Me er lei for at dette skaper problem for folk, seier Kjærnes.

Ho påpeikar òg at det var ein liten periode der ting såg ut til å fungera som normalt igjen, men at dei tekniske problema etter kort tid kom tilbake.

Pressetalsmann hjå Nets, Paul Rasmussen, stadfestar dei tekniske problema overfor Aftenposten.

– Det gjeld fleire tenester som krev kortbetaling. Me er i gang med å undersøkja kva årsaka er og å finna ei løysing på problemet, seier han.

Selskapet Nets har ansvar for kortlesarar mellom anna i butikkar over heile Norden og Baltikum og tilbyr ulike typar betalingsløysingar – både på nett og via mobil.

Også i Danmark opplever fleire problem med Nets sine tenester, melder DR.

(©NPK)