Trengereidtunnelen er open att etter bilberging

Tunnelen var stengd i nærare ein time tysdag.

Like etter klokka 12.30 la Vest politidistrikt ut denne meldinga på Twitter:

– Risnestunnelen og Romslotunnelen er det stengt på grunn av at Mesta skal fjerna noko som heng ned frå taket. Trengereidtunnelen er stengt på grunn av eit vogntog som står inne i tunnelen, mogleg motorhavari.

UP dreiv manuell dirigering på staden.

Like før klokka 13.30 melder politiet at tunnelane er opne att for fri ferdsle.