Illustrasjon: norgeskart.no

Flenjatunnelen opna igjen

Flenjatunnelen på E16 ved Flåm er opna igjen etter å ha vore stengd grunna varmgang i clutch på ein bil tidlegare tysdag ettermiddag.

Både Fretheimtunnelen og Gudvangatunnelen vart stengd medan bilberginga pågjekk. Begge desse tunellane er òg opna att.

Lang og bratt

Flenjatunnelen vart opna i 1985 og er 5 kilometer lang. Den har ei stigning på kring 6 prosent.

Flenjatunnelen i Aurland kommune. Foto: Statens Vegvesen