annonse

Flygande hundar over Voss

HUNDETRENING
HUNDETRENING: Norske Redningshundar trenar med 330-skvadronen på Voss i dag. (Foto: Helge Søfteland)

Det vert mykje helikoptertrafikk over bygda i dag, når hovudkurset til Norske Redningshundar skal trena hundane sine i eit av Luftforsvaret sine Sea King helikopter.

Helge Søfteland
  • Helge Søfteland
  • Tlf: 950 38 833

Den store, kvite maskina landa på Prestegardslandet i 10-tida i dag, og skal bruka dagen på å venja redningshundane til helikopterlyd og flyging. Nokre av ekvipasjane skal få prøva seg på nedfiring frå helikopteret og, fortel kursleiar Jan Erik Grande.

Det vert floge fleire turar frå Prestegardslandet til Storåsen i løpet av dagen, så helikopteret vert å sjå frå store delar av bygda. 

Skulle du sjå eit kvitt og oransje helikopter så er det ingen grunn til uro, det er nok dei flygande hundane som er mest nervøse i dag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse