Ei jente er sendt til sjukehus etter at ho og føraren på ein bil krasja i Skulestadtunet torsdag kveld.
Ei jente er sendt til sjukehus etter at ho og føraren på ein bil krasja i Skulestadtunet torsdag kveld. Foto: Marita Saue Hamre

Førar til sjukehus etter krasj med bil

Ein kvinnleg førar er sendt til sjukehuset etter eit samanstøyt mellom moped og bil.

Klokka 20:14 torsdag kveld melde Vest politidistrikt om ei trafikkulukke i Skulestadmo på Voss.

– Det har vore eit samanstøyt mellom ein bil og ein moped, seier Jostein Birkeland hjå Voss lensmannsdistrikt.

Føraren av mopeden, som var ei jente, er køyrd til Voss sjukehus med smerter i ein fot.

Inndrege førarkortet

Då Hordaland kjem til staden tek politiet bilete og snakkar med vitne.

– Me har ei grei oppfatning på kva som har skjedd, seier han.

Politi og ambulanse rykte ut til ulukka torsdag kveld. Ei jente vart henta i ambulanse, og frakta til sjukehuset.
Politi og ambulanse rykte ut til ulukka torsdag kveld. Ei jente vart henta i ambulanse, og frakta til sjukehuset. Foto: Marita Saue Hamre

Førarkortet til føraren av bilen er inndrege.

Opprettar sak

– Me opprettar sak etter ulukka, opplyser Birkeland.

Ulukka skjedde i Skulestadtunet i Skulestad på Voss. 

Politiet opplyste på Twitter at ulukka hadde skjedd i rundkøyringa i Skulestadmo, men det stemde ikkje.