Eli Bergstrøm (t.h.), Gerd Mandelid, Sverre Johan Kvistad og Asle Bergstrøm tykte Stanghelle sin analyse var både tydeleg, underfundig og folkeleg.
Eli Bergstrøm (t.h.), Gerd Mandelid, Sverre Johan Kvistad og Asle Bergstrøm tykte Stanghelle sin analyse var både tydeleg, underfundig og folkeleg. Foto: Bjørn Sandnes

– Foredraget til Harald Stanghelle var interessant og underfundig

Foredraget til Harald Stanghelle slo godt an mellom dei vel 200 som møtte opp i Vossasalen onsdag.

Les og:

-Harald Stanghelle: – Katastrofalt dårleg Ap-val

Mellom dei som let seg begeistra, var Eli Bergstrøm, Gerd Mandelid, Sverre Johan Kvistad og Asle Bergstrøm.

– Det er interessant å høyra på han. Han har gode og tydelege analysar, men er også veldig folkeleg. Han legg fram det han seier på ein morosam og underfundig måte, meinte dei.

Møteserie

Senioruniversitetet på Voss arrangerer ein serie med møte denne hausten med både lokale, nasjonale og internasjonale tema. På det neste møtet 2. oktober, skal arkitekt og prosjektleiar i Voss kommune Elisabeth Lillegraven halda foredrag om Vangen si framtid.