STENGJER: Voss herad ber butikkane om å stengja sjølvbetente diskar og salatbuffear frå måndag 16. mars. Biletet er frå arkivet. Foto: Ingerid Jordal

Frå måndag stengjer sjølvbetente diskar i butikkane

Voss herad ber matbutikkane stengja sjølvbetente diskar og salatbuffear i matbutikkane.

Frå måndag 16. mars vert det ikkje mogleg å finna seg mat i salatbuffeen eller nytta sjølvbetente diskar.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Voss herad.

– Me ber matbutikkar stengja salatbuffé og andre liknande ordningar. Det er ikkje noko i vegen for at ein disk er sjølvbetent og har ferskvarer så lenge maten er ferdig pakka, men salatbarar og liknande der publikum typisk nyttar felles reiskap til å henta eteklar mat meiner me vert ramma av regjeringa sitt forbod, står det.

Voss herad viser til Helsedirektoratet sitt vedtak 12. mars 2020 som er heimla i smittevernlova om forbod mot matservering frå buffé.

Les også
Ein person er smitta av korona i Voss herad
Les også
Folketomme gater på Vangen – sjå biletserie