VIKAFJELLET: Næraste dagane er det meldt snø igjen i høgfjellet i sør-Noreg, mellom anna på Vikafjellet (biletet). Illustrasjonsfotoet er teke i Vossadalen 23. mai. Foto: vegvesen.no

Vegtrafikksentralen åtvarar mot snø og frost på fjellovergangane

Vegtrafikksentralen melder om snø på fjellovergangane fredag, og ber trafikantar utstyra seg med rett dekk og køyra etter forholda.

Over Aurlandsfjellet er det snøslaps, og sommardekk vert ikkje tilrådd, melder Vegtrafikksentralen.

Ved Dyranut på Hardangervidda er det meldt sludd og snø. Men ifylgje Ragnhild Telle som driv Dyranut fjellstove, hadde ikkje snøen lagt seg i vegen i 08-tida fredag morgon.

Til NRK Hordaland sa Telle i radiointervju at det ligg eit lag «melis» ute i naturen, men at sjølve vegen var fri for snø.

Meldt minus tre ved Dyranut

Fredag vil det ifylgje meldingane koma snø, sjølv om det er midtsommar. Og ved Dyranut er det meldt minus tre grader i morgontimane laurdag. Det vil seia skikkeleg nattefrost, om meldinga slår til.

Berre nokre få dagar etter at det var 30 varmegrader og bortimot tropenetter i distriktet vårt, har det no snudd kraftig om i fjellet. Meteorologane melder om vinter i høgfjellet over 1000 meter dei næraste dagane.

Mellom anna på Sognefjellet er det meldt skikkeleg vinter.

Må sko seg skikkeleg

– Bruk rette dekk og køyr etter forholda, ber Vegtrafikksentralen vest.