VENTAR PÅ MEIR UTSTYR: Ullensvang kommune ventar på meir smittevernutstyr til kampen mot koronaviruset. Foto: Pixabay

Framleis ikkje registrert Covid-19 i Ullensvang

Ullensvang kommune har utført 75 koronatestar, av desse har 66 vore negative og ein ventar på svar på ni testar. Tysdag kveld var det ingen påvist smitte i Ullensvang kommune.

Dette går fram av ei pressemelding tysdag 24. mars. Kommunen informerer vidare i meldinga at ein gjennomfører opplæring for first-responderpersonell, og at ein ventar på meir smittevernutstyr som er bestilt og på veg.

Av nye tiltak i Ullensvang kommune er at Bygdarbøen smitteklinikk vert oppretta 25.03.20. Her skal testing og poliklinisk behandling av personar med Covid-19 smitte utførast. Alle pasientar med symptom på luftvegsinfeksjon og pasientar i isolasjon skal handterast her. Tiltaket vert gjort for å gje gode tilhøve for testing, god behandling for både smitta og usmitta personar. Samt trygge tilhøve for pasientar og helsepersonell, skriv kommunen i pressemeldinga.

Avdeling for koronasmitta pasientar

Bokko sjukeheim i Odda vert hovudavdeling for koronasmitta, med eiga skjerma avdeling for trygg handtering av inntil 8 pasientar, godt avskjerma frå andre pasientar. Sjukeheimane elles vert tilrettelagt for å handtera pasientar med koronasmitte.

«Ullensvang kommune arbeider intensivt med å førebu og leggja til rette tenestene våre for å vera best mogleg rusta til å handtera Koronasmitte blant våre innbyggjarar. For å sikre våre tilsette, dei sjuke og innbyggjarar, vil tiltaka detaljert verta sett i verk slik:

Luftvegslegevakt

Etablera luftvegslegevakt og smitteklinikk på tidlegare Bygdarbøen legesenter ved folkebadet i Odda. Bygdarbøen smitteklinikk vil vera bemanna med lege og hjelpepersonell frå kl. 08.00 – 15.00, og lege og hjelpepersonell med heimevakt frå kl. 15.00 – 22.00.

Lege på ordinær legevakt vil ha ansvar på natt. Det er fastlegen eller legevakt som avgjer om pasientar kan behandlast på vanleg legekontor, eller om dei skal til Bygdarbøen smitteklinikk. Pasientar skal framleis ta kontakt ved telefon til legesenter/legevakt, dei kan ikkje ta direkte kontakt med smitteklinikken. Fastlege/legevakt formidlar så timeavtale ved smitteklinikken der dette er naudsynt.», heiter det i pressemeldinga.

E-konsultasjonar

Legekontora elles har også måtte endra drift, noko som gjev redusert kapasitet i tida under handtering av pandemien. Ein ber befolkninga om å utsetja legebesøk som kan utsetjast. Ei større del av vurderingar hos fastlegane vil bli gjennomført ved telefon. I krisesituasjonen som er no, har myndigheitene sidestilt telefonkonsultasjonar med E-konsultasjonar, slik at pasientar må vera klar over at slik kontakt med legen utløyser eigenandel.

Andre tenester endra eller på vent

Fysioterapi, heimehjelp, korttidsopphald, dagtilbod, dagtilbod for funksjonshemma, dagaktivitetar m.v. er også endra eller sett på vent for å redusera fare for smitte og for å frigjera tilsette til anna arbeid inn til vidare.

Helse Fonna har ledige senger

Helse fonna har ledige senger i påvente av koronapasientar. Odda sjukehus har testa ein del tilsette. Det er ikkje påvist smitte blant tilsette ved Odda sjukehus. Det er særleg fokus på å leggja til rette for at helsepersonell får gjort sine kritiske oppgåver.

Hjelp til folk som treng bistand til daglege gjeremål

Frivilligsentralen har mange frivillige som står klar til å hjelpa med praktiske føremål. Ta kontakt her om du treng bistand: E-post: elin.myran@ullensvang.kommune.no eller slå på tråden: 975 58 505.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skryt til elevar og skule

Tilsette og elevar gjer ein imponerande innsats i skulekvardagen. Undervisninga fungerer etter måten godt. Elevane tek stort ansvar og er sjølvstendige i den krevjande situasjonen.

– Stå på vidare, denne krisa skal me løysa saman, seier ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug.

Her kan du lesa heile pressemeldinga frå Ullensvang kommune.