Stig Yngve Røkenes stadfester at Høgre ynskjer cruiseskip velkomne. Til venstre Kari Sandøy-Jarman, til høgre Jens Olav Holven.
Stig Yngve Røkenes stadfester at Høgre ynskjer cruiseskip velkomne. Til venstre Kari Sandøy-Jarman, til høgre Jens Olav Holven. Foto: Sigrid Seim

Framleis kampsaker for folkevalde i Ulvik

Det komande heradsstyret får framleis saker det må kjempast for, sjølv om det er få saker med stor usemje internt.

Les og:

-Han er listetoppen for Ulvik Høgre

-Han toppar for Ulvik Venstre

-68-åring toppar for Ulvik SV

-Dagens Ulvik-ordførar frå Ap satsar på sin tredje strake periode

Over hundre møtte opp på valmøte i Ulvik.
Over hundre møtte opp på valmøte i Ulvik. Foto: Sigrid Seim
Ulvik bør vurdera å laga eit grønt fond, meiner Reidar Meel. Til venstre Håkon Gjerde, til høgre Gunnbjørg Øyre.
Ulvik bør vurdera å laga eit grønt fond, meiner Reidar Meel. Til venstre Håkon Gjerde, til høgre Gunnbjørg Øyre. Foto: Sigrid Seim
Hans Petter Thorbjørnsen meiner sentrumsutvikling er ei sak dei må ta tak i relativt kjapt i neste periode. Til venstre for han Jorid Løvtangen.
Hans Petter Thorbjørnsen meiner sentrumsutvikling er ei sak dei må ta tak i relativt kjapt i neste periode. Til venstre for han Jorid Løvtangen. Foto: Sigrid Seim

Den tradisjonelle valdebatten som Ulvik næringslag sto bak, samla som vanleg godt med frammøtte i kongresshallen onsdag. Debatten vart sakleg og klargjerande på fleire punkt, men paneldeltakarane framførte også mange synspunkt som det er lett for dei aller fleste å vera samde om.

Næringslaget hadde på førehand fått ulike spørsmål frå sambygdingar, til deltakarane i panelet. Eitt av spørsmåla handla om Ulvik som cittaslow-bygd, korleis kan bygda få meir ut av det, korleis få fleire engasjerte, spurde møteleiar Geir S. Netland.

Svara viste ei positiv haldning til at Ulvik har valt ei slik satsing, men at det er på tide med ei evaluering. Sjølv kong Harald kjenner til denne satsinga, refererte Gunnbjørg Øyre (SV) til. Kongen ser på dette som eit vegval for vidare utvikling av bygda, viste talen han heldt då han og dronninga gjesta Ulvik i juni.

– Ulvik brukar 200.000 kroner til dette i år, sa Håkon Gjerde (V) og såg det som aktuelt å sjå nærare på om det er ein høveleg sum. Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) peika på at dette ikkje er ei fast løyving, berre 7500 kroner i året er fast, for medlemskapen i dette samarbeidet.

Skal ta lang tid

– Cittaslow-verktøyet handlar om å ta vare på dei lokale verdiane, for å kunna vera ein unik stad. Eg skjønar at me framleis har ein jobb å gjera, sa han og signaliserte ei evaluering i samband med budsjettarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hovudmålsetjinga med dette er ikkje oppnådd. Dette skal utviklast over lang tid, saman med innbyggjarane, understreka han.

Stig Yngve Røkenes (H) meiner at cittaslow-satsinga skal brukast til utvikling og vekst i heradet, og ikkje til å hindra utvikling. Jens Olav Holven (Sp) ynskte at ein stilte seg spørsmålet: har me bruk for det, kan det gjera noko for oss?

– Det er fint at Ulvik vart ei cittaslow-bygd, sa Torunn Hovland Ljone som publikummar i salen.

– Det skal gjera Ulvik til ein plass som folk har lyst å reisa til. Men til no har det ført lite med seg. Sentrum må ta seg godt ut, men det manglar ein del på det, nemnde ho.

Seinare i debatten kommenterte også Johan Børsheim frå salen denne satsinga.

– Det er mange gode ting med cittaslow. Pleie av kulturlandskapet. Ikkje stordrift, ikkje rovdrift. Om lag som den gamle bondekulturen fungerte, sa han.

Satsing i sentrum

Sentrumsutvikling vart vidare eit tema som fleire kommenterte. Dette er eit område som peikar seg ut som aktuelt å arbeida med nokså kjapt i neste periode. Fleire ynskte seg meir av det trivelege sentrumet som dei viste under kongebesøket i sommar.

– Me må gjera ein jamn innsats, ikkje berre ved kvart kongeleg besøk, meinte Jon Olav Heggseth (Sp).

Frå Venstre og SV vart det ytra ynske om ein overordna diskusjon om kva som skal definerast som sentrum, og om kva ein eigentleg ynskjer at det skal vera.

Veljarar i Ulvik har kome med spørsmål om kva område vil politikarane vil skjera ned på, og kva omprioriteringar dei ser føre seg for å takla utgiftene heradet får. Svaret frå fleire i panelet var at heradet alt har ein økonomiplan og ein tiltaksplan for å sikra økonomien. Det kan innebera at heradet må prioritera ned oppgåver som ikkje er lovpålagde, for å halda ein god standard på dei lovpålagde tenestene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folketal og eigedomsskatt

– Best for økonomien er å auka folketalet, og for å få det til må me sikra at Ulvik er ein attraktiv stad, var Stig Yngve Røkenes sitt innspel.

Å skjerma skule og barnehage vart nemnt av både Venstre, og Gunnbjørg Øyre i SV.

– Me kan kanskje spara noko i sentraladministrasjonen. Me har elles sagt ja til eigedomsskatt, det kan auka inntektene litt, sa Øyre.

Eigedomsskatt er eit av få tema der det er ulikt syn hjå partia, med Høgre som den klaraste motstandaren, og SV som den einaste som klart er for.

Når det kjem til innsparingar som gjeld ikkje lovpålagde tenester, kan det likevel verta vanskeleg, synte debatten på valmøtet. Alle lova til dømes å prioritera ungdomsarbeid og ungdomsklubben vidare.

Kamp for Hjeltnes

Ulvik har den siste valperioden fått på plass både fleirbrukshall og no snart ny sjukeheim. Men saka som ordføraren over tid har arbeidd aller mest med, er å sikra framleis drift på skulen på Hjeltnes, forklarte han. Og sjølv om det no er liv og røre på skulen, er kampen ikkje ferdig, ifylgje Håkon Gjerde. Produksjonsskulen må sikrast eit liv etter prosjektperioden. Det er ein kamp også for å sikra at deltidsstudiet i gartnarfag framleis skal vera på Hjeltnes, saman med fagskuletilboda som er på staden.

Frå Arne Haukeland i salen fekk panelet eit vrient spørsmål. Korleis ser dei føre seg at omsynet til klima og miljø kjem til å påverka økonomien framover?

– Ingen veit kva det kostar, vedgjekk Gunnbjørg Øyre. Ho nemnde tiltak som rassikring, miljøkrav ved innkjøp, omsynet til stigande havnivå, som døme på at klima og miljø må vera med i all kommunal verksemd.

– Høgre er opptekne av dette, men samtidig må det finnast løysingar som fungerer, kommenterte Stig Yngve Røkenes. Reidar Meel (V) ynskte å blåsa liv i den vedtekne planen for klima og miljø, og meinte Ulvik burde ha eit grønt fond, for midlar ein omprioriterte til klimatiltak.

Småskala turisme

I det tre timar lange debattmøtet vart det også teke opp spørsmål om tiltak for landbruksnæring, og om kva type reiseliv Ulvik bør satsa på. Det siste viste at det berre er Høgre som tydeleg ynskjer cruisekai velkomen i Ulvik. SV og Venstre snakka tydelegast om småskala turisme, men ingen av partia i panelet hadde noko imot at Ulvik hadde tilbod til cruiseturistar som til dømes Eidfjord kunne avsjå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før møtet vart avslutta vart partia bedne om å forklara kven dei kunne samarbeida med, om makt og posisjonar dei neste fire åra. Venstre kan samarbeida med alle, SV synest det er naturleg med Venstre i miljøsaker, og Ap i andre saker. Høgre, Sp og Ap synest samarbeidet dei siste åtte åra har vore vellukka, og vil nok også etter dette valet «ta praten» fyrst.

– Gjennomslag for politikken me ynskjer er det avgjerande, sa Hans Petter Thorbjørnsen.