Voss kommune har godkjende prøver av vatnet som går til folk i områda Fitjo til Eensmia og Saue, og desse kan slutta å koka vatnet sitt. Det melder Voss kommune si driftsavdeling.

Det var fredag Voss kommune gav påbod om å koka drikkevatnet fleire stader etter mogleg ureining av drikkevatnet. Dette påbodet gjeld framleis i områda Nedkvitne, Opkvitne, Vele og Kyte, går det fram av ei pressemelding frå Voss kommune tysdag.

Voss kommune vil halda fram arbeidet med utspyling, reingjering og kloring av offentlege vassleidningar og vassbasseng, og i etterkant dette vil høgdebasseng og leidningsnett verta desinfisert. Ifylgje pressemeldinga kan folk merka restar av klor i vatnet, men kommunen understrekar at mengda klor ligg innanfor anbefalingane frå Folkehelsa, og er ufarlege.

Folk som har trong for meir informasjon kan få det ved å venda seg til kommunen.