annonse

Framleis manuell dirigering på E16 minst ut september, vegen kan framleis bli stengd på kort varsel

– VER TÅLMODIGE
– ver tålmodige: Byggjeleiar Bente Bergstø i Statens vegvesen oppmodar bilistane om å vera tålmodige. (Foto: Helge Søfteland)

Statusen på E16 er framleis den same etter skreda på Bolstad 29. august: Bilistane må berre smørja seg med tålmod. For det vert trafikkdirigering ved Bolstadtunnelen ut månaden – minst.

Lars Olve Hesjedal

Den klare – og oppdaterte – vegmeldinga frå byggjeleiar Bente Bergstø i Statens vegvesen til Hordaland tidlegare denne veka gjeld framleis.

Les og:

Her er det Vegvesenet sa tidlegare i veka - og som framleis er status:

– Må gjerast skikkeleg

– Slik er det berre. Det tek tid å fiksa vegfyllinga, og ikkje minst tek det tid å førebu jobben. Berre førebuingane kan ta heile denne veka. For det er véravhengig, og vérvarselet er heller ikkje det beste for denne veka, seier ho.

– Så bilistane på denne strekninga av hovudvegen mellom Bergen og Oslo må kort og greitt berre smørja seg med tålmod?

– Ja, slik er det. Det er viktig for oss å streka under at det tek tid når me skal reparera vegen skikkeleg.

Slik vert det enno ei stund
Slik vert det enno ei stund: Natt til torsdag gjekk skreda. Måndag morgon var det framleis trafikkdirigering. Og slik vert det ut månaden – minst. Foto: Stine Strand Carlsen

– Hald dykk oppdatert

I utgangspunktet vert det eitt felt ope, og døgnopen trafikkdirigering.

Men – det er eit men:

– Det vil framleis vera slik at dersom véret slår om, og det vert vurdert som uforsvarleg å halda vegen open, så må me stengja han heilt – på kort varsel. Så framleis vil me oppmoda bilistane sterkt om å sjekka vegmeldingar og til ei kvar tid halda seg oppdaterte når dei skal ut og køyra.

– Før helga sa de at det utelukkande er vegfyllinga som må ordnast, og at det ikkje er skadar på veggrunnen. Er det framleis ei vurdering som står seg?

– Ja.

– Er denne jobben så stor at han må ut på anbod?

– Nei, vegvedlikehald er innafor driftskontrakten. Så viss ikkje jobben vert ekstremt kostbar, det vil seia i mangemillionarsklassen, så skal han ikkje ut på anbod. Men me har ikkje sett heile kostnadsbiletet enno.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse