STORE SKADAR: Politiet opplyser om store materielle skadar etter ulukka på E16 ved Stanghelle. Foto: Hordaland-tipsar

Fire personar involverte i kollisjon på E16

To bilar kolliderte på E16 ved Stanghelle. – Ein person send til legevakta, opplyser politiet.

Klokka 17.36 sundag fekk politiet melding om ei trafikkulukke ved Stanghelle på E16.

– Heldigvis var ikkje ulukka så alvorleg som fyrst anteke. Ein person er send til legevakta for ein sjekk. Det som skjedde var at den eine bilen kom over i motsett køyrefelt, seier vakthavande Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Hausvik opplyste om at ingen var fastklemte, men at airbagane var utløyste.

LANGE KØAR: E16 er heilt stengd etter ei trafikkulukke ved Stanghelle. Foto: Hordaland-tipsar

Totalt fire personar involverte

Naudetatane rykte ut til staden, og opplyste om store materielle skadar.

– Det er ein stor åstad. To bilar var involverte i ulukka. Det var fire personar som var involverte i hendinga.

Vegen vart heilt stengd etter ulukka, men opna for normal trafikk klokka 19.37.

Hendinga skjedde rundt 100 meter sør for Stanghelletunnelen.

Inndrege førarkortet på førar

Politiet opplyser at dei opprettar sak etter ulukka.

– Det blei førarkortbeslag på den eine føraren, skriv politiet på Twitter sundag kveld.