Avisa Hordaland

Nyhende

Fyrste mann på toppen

Fyrste mann på toppen

Johannes Seim er ein historisk gondolpassasjer.

annonse

– Her er det jammen flott, seier Johannes Seim der han sit ute på Hangurstoppen restaurant.

Han har nettopp teke opningsturen med Voss Gondol.

Han reiste i fyrste vogn saman med andre som var med å ta den siste turen med Dinglo og Danglo i 2015.

Ørjan Brattetveit - HISTORISK Johannes Seim på toppen av Voss Gondol. Han reiste med Dinglo og Danglo fyrste dagen dei var i bruk. Og han tok siste turen. No var han med på fyrste turen med Voss Gondol.

HISTORISK: Johannes Seim på toppen av Voss Gondol. Han reiste med Dinglo og Danglo fyrste dagen dei var i bruk. Og han tok siste turen. No var han med på fyrste turen med Voss Gondol.Foto: Ørjan Brattetveit

Johannes Seim var også med å ta Dinglo og Danglo opningsdagen i desember i 1963.

– Den gongen var eg åtte år. Eg hugsar ikkje så mykje av det. Me budde rett ved nedre stasjon, og eg var spent på å ta turen opp. Me var nokre nabogutar som tok turen den gong, seier Seim.

Han kjem nok til å nytta seg av Voss Gondol framover.

– Når me har gjester så tek me nok turen her. Og eg vil nok opp her ein del om sommaren. Vinteren vert det nok lite, seier Seim.

annonse

Les òg:

Stort for Sam

Sam Meyer jobba med Dinglo og Danglo i 25 år.

– Eg er så glad, sa Meyer og tok rørt til tårene.

Men han er misnøgd med namnet.

Ørjan Brattetveit - VELKOMEN Sam Meyer vert ynskt velkomen av administrerande direktør Øyvind Wæhle.

VELKOMEN: Sam Meyer vert ynskt velkomen av administrerande direktør Øyvind Wæhle.Foto: Ørjan Brattetveit

– Hangursbanen! Det er det som skulle ha vore namnet. Gondol er ein italiensk båt, meiner Meyer.

Også Kjellaug Gjerstad Norheim var mellom dei siste som vart dei fyrste.

– Det vert spennande å fylgja. Eg ser heilt klart fordelane ved at nedre stasjon er tilknytt trafikknutepunktet. Men eg er skeptisk til at det er laga så få parkeringsplassar, seier Gjerstad Norheim.

Ein stad i hjarte

Paul Jarle Grande hadde flagg med seg, og han var i godt humør på toppen.

– Dinglo og Danglo hadde ein spesiell plass i vossingane sine hjarte. Eg trur også Voss Gondol kjem til å få det, meiner Grande.

Administrerande direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle, synest det er litt surrealistisk at opninga no er eit faktum.

– Eg gler meg skikkeleg til at folk no kjem til å bruka banen, restauranten og fjella her.