GLATT VEG: E 16 var svært glatt måndag morgon, ifylgje meldingar Vegtrafikksentralen fekk. Illustrasjonsfoto: Lars Olve Hesjedal

Glatt på E16 i morgontimane

I morgontimane måndag vart det meldt om veldig glatt veg på E16 mellom Dale og Bulken.

Ifylgje ein tipsar hadde ein bil hamna i grøfta rett før fotoboksen på Saghaug mellom Bulken og Evanger tidleg i dag.

Ved Vegtrafikksentralen opplyser dei at dei alt før klokka sju hadde fått melding om glatt veg, i form av svart asfalt med is på.

Entreprenør var varsla og var på veg litt før klokka sju, får Hordaland opplyst.

Sundag kveld køyrde ein trailer utfor vegen ved Hagatun på Vossestrand, på grunn av glatt vegbane.